Tid: Torsdag 26. september kl .18.00
Sted: Tivoli, Kvarteret
Inngang: Medlemsskap i Studentersamfunnet, kr 50
Vi spring for å rekke polet, så vorser vi til midnatt. Helgefyll påTorgallmenningen står i skarp kontrast til myndigheitenes restriktive alkoholpolitikk. Skål.
Det er typisk norsk å vere full i helgja. Alkoholmisbruk øydelegg familiar, lammar sexlivet og svekkjer arbeidskapasiteten. Sjukefråver er forbunde med alkoholkonsum, og kostar samfunnet dyrt. Det hindrar oss ikkje i å bøtte nedpå, og få politikarar er villige til å vere festbrems.
Dei siste 15 åra har alkoholkonsumet i Noreg auka valdsamt, særleg hjå kvinner og unge. Har haldningskampanjar ynskja verknad, eller er dei, forutan å gje helsemyndigheiter og politikarar betre samvit, bortkasta pengar? Og er det eigentleg so farleg om vi tar oss eit glas eller fem i godt lag? Studentersamfunnet inviterer i samarbeid med Forskningsdagane til ein sofasamtale om norsk alkoholkultur. Hit kjem bloggar og avhaldskvinne Elisabeth Norheim og forskar Sonja Mellingen. Norheim er møkk lei av å bli spurd om kvifor ho ikkje drikk. Mellingen svarar på kvifor nordmenn ikkje klarar å setje frå seg glaset i tide. Kvelden vil syne om det blæs opp til storm i norgesglas.
Innleiarar:
Sonja Mellingen, psykolog og doktorgradsstipendiat ved kunnskapsbasert praksis, HiB
Elisabeth Norheim: Blogger for Nettavisen
Arrangementet er i samarbeid med Studentersamfunnet i Bergen