Mandag 23.september

Er fisk også farlig nå?


Tid: Mandag 23. september kl 19.00-21.00
Sted: Litteraturhuset i Bergen, Østre Skostredet 5-7

Det var VG som først slo stort opp at giftstoff gjer oppdrettslaksen helsefarleg for born, ungdom og kvinner. Helsemyndigheitene parerte raskt og heldt fast på at oppdrettslaks er trygg mat. Forskarane i dei to leirane er samde om éin ting; det finst miljøgifter i laksen. Spørsmålet er om dei sunne eigenskapane til feit fisk veg opp for gifta vi får i oss. Og er den betre stilt med den andre maten vi set på bordet? Tilbake står forbrukaren og klør seg i hovudet: Skal eg eller skal eg ikkje eta laks?

Innleiarar: Ingvild Eide Graff, forskar ved NIFES
Ole Torrissen, forskar ved Havforskningsinstituttet
Henrik Huitfeldt, kreftlege og professor ved Rikshospitalet
Sigurd Enge, rådgjevar for marin forvalting, Bellona
Debattleiar: Frøy Gudbrandsen, Bergens Tidende

Gå til webutgaven