Havet dekker 70 prosent av jordas overflate, og det er 1100 gonger så stort som fastlands-Norge. Havet er arbeidsplassen til over 70 000 sjømenn på norsk-flagga skip. Det er 1,5 millionar sjøfolk i handelsflåten totalt og over 30 millionar fiskarar. Mange av desse er utanfor rekkevidde for ambulanse, helikopter og sjukehus i mange veker i strekk. Evakuering er ofte umogeleg.
Men folk blir sjuke på sjøen og. Dei kan bli alvorleg sjuke av infeksjonar eller ulukker. Radio Medico Norway ved Norsk senter for maritim medisin er Norges offisielle legevakt for skip og sjømenn og er driven av Haukeland unversitetssjukehus. 24 timar i døgnet er dei på plass for å hjelpe sjøfolk som er milesvis frå næraste lege. På Forskningstorget for du sjå korleis norske legar på land brukar det siste innan ny teknologi for å hjelpe sjuke til havs.