«Problemløysing med datamaskin» (Fredag)
Synes du det er moro med datamaskin? Vi vil sjå på korleis vi løyser problem med hjelp av ein datamaskin og korleis vi kan sortere store datamengder. Det er nødvendig for å kunne finne ting raskt slik som vi gjer med eit søk på google. Eit anna eksempel er korleis vi kan komprimere ein tekstfil for effektiv lagring og om filen skal lastast ned via internett. Oppdag noko av det utrulege som kan gjerast ved hjelp av ein datamaskin!
«Papir + vatn = griseri og øydelegging» (Lørdag)
Papir brukar ein ofte til å tørke opp vatn, som du nettopp har sølt over dei viktige papirdokumenta. Her skal vi nytte papir til å konstruere ny kunnskap om vatn, og ved hjelp av papirbretting skal vi trylle fram fantastiske figurar. Vi kan lage frosken som hoppar opp i lotusblomsten i skogstjernet. Vi kan fare til havet og finne ein fisk og ein krabbe, eller kva med ein båt eller ein fugl? Vi kan til og med lage ein kopp som du kan drikke vatn av.