Forskertorget

Bobler i is!


Kva kan vi lesa ut av luftbobler som er fanga i tusen år gamal breis? Kva skjer når det er vulkanutbrot på Island og heile Folgefonna vert dekka av oske? Kvifor er det farlege sprekker på breen? Kvifor har breane brått byrja å smelta verda over? Brear er fasinerande!

På denne stasjonen hentar vi inn ei isblokk frå Folgefonna og let den smelta medan vi utfører ei rekkje eksperiment på den tusen år gamle isen. Mellom anna kan du studere luftbobler med gamal komprimert luft og ein kan sjå kva som skjer med havnivået når breisen vert til vatn.

Kunnskap om fortidas klima er sjølve nøkkelen til å forstå klimasystemet og ikkje minst til å kunne sjå inn i framtida. Store framsteg er gjort i denne vitskapen og vi kan bruke brear til å forklare klimaet år for år tusenar av år attende i tid.

Gå til webutgaven